HOD ber Odontologiklinikkene i Oslo unngå ulovlig statsstøtte av spesialistutdanning

Artikkel fra Nettavisa på Universitetet i Oslo; Nettforum, 14.6.2017

I dag kan du få behandling til redusert pris av tannleger som utdanner seg til spesialister på Det odontologiske fakultetet. Dette kan være ulovlig statsstøtte, mener Helse- og Omsorgsdepartementet.

Dette er saka:

– Kvart år tildeler Helse- og omsorgsdepartementet 25 millionar kroner til spesialistutdanninga ved odontologi

– Under opplæringa får pasientar tilbod om behandling til redusert pris av tannlegar som utdannar seg til spesialistar.

– Helsestyresmaktene meiner denne praksisen skjer i konkurranse med marknaden. Den kan derfor vera i strid med EØS-regelverket sitt punkt om ulovleg statsstøtte.

– OD-dekan Pål Barkvoll avviser at dei driv med kommersiell verksemd.

Helse- og omsorgsdepartementet ber no odontologi rydda opp for å unngå at det skjer kryssubsidiering mellom spesialistutdanning av tannlegar og spesialisttenester i den private marknaden. Kvart år tildeler Helse- og omsorgsdepartementet 25 millionar kroner til dei odontologiske spesialisttenestene ved UiO

I eit brev departementet har sendt Helsedirektoratet peikar det på at Universitetet i Oslo har ansvaret for å sikra at det ikkje går føre seg ulovleg statstøtte ved at desse pengane blir brukte til å subsidiera spesialisttenester som ikkje er lovpålagde. Tilskotsmidlar til spesialistutdanning av tannlegar skal nemleg ikkje brukast til dette, understrekar ekspedisjonssjef Petter Øgar og avdelingsdirektør Kjell Røynesdal i eit brev til Helsedirektoratet.  Eitt av krava dei stiller, er at odontologi må føra to skilde rekneskapar for dei to tenestene.

– Fører til meir byråkrati

Dekan Pål Barkvoll synest kravet frå Helse- og omsorgsdepartementet er urimeleg.

– Kravet om separate rekneskapar for utdanning av spesialistar og spesialisttenester som blir tilbydde i ein marknad, vil føra til meir byråkrati og ikkje til avbyråkratisering, slik Kunnskapsdepartemetet krev av oss.

– Me måtte ha hatt doble sett med hanskar, medikament, utstyr og tannlegefrakkar, om ei slik ordning hadde blitt innført, viser han til.

– Kort fortalt så driv me ikkje med kommersiell verksemd. Pasientane som me behandlar her, betalar litt mindre enn på eit tannlegekontor, fordi det går litt seinare når det er studentar som må gjera denne jobben. Me treng ikkje gå lenger enn til tannlegeutdanninga ved Københavns Universitet for å finna ei ordning der pasientane ikkje betalar noko for tannlegebehandling av studentane, seier Pål Barkvoll til Uniforum.

 

I strid med EØS-regelverket?

Den strenge ordbruken i brevet frå Helse- og omsorgsdepartementet har likevel fått varselklokkene til å ringja hos Universitetet i Oslo. I ein epost som avdelingsdirektør Hanna Ekeli har sendt til Kunnskapsdepartementet tolkar ho signala frå Helse- og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet slik at pasientverksemda ved Det odontologiske fakultetet kan vera i strid med EØS-regelverket. Ho peikar på at endringar i klinikkverksemda vil skapa problem for gjennomføringa av spesialistutdanninga, sidan pasientgrunnlaget for utdanninga kan forsvinna.

– Må gjera heimeleksa

Den 23. mai var dekan Pål Barkvoll og fakultetsdirektør Tove Langhaug på møte med Kunnskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet for å drøfta denne saka. Etter det Uniforum kjenner til, presenterte Kunnskapsdepartementet på møtet det dei meiner skal vera hovudmodellen for korleis rekneskap for spesialistutdanning av tannlegar bør vera når dette i hovudsak blir finansiert av eit anna departement enn Kunnskapsdepartementet.

Også prinsippa for rekneskapsføring av eit spesialisttilbod i den private marknaden, utover den behandlinga spesialistkandidaten utfører, blei drøfta. Då kom departementa med ein klar bodskap.

– No må odontologi gjera heimeleksa si og rekna ut kor stort omfanget av odontologiske spesialisttenester er. Grunnløyvinga frå Helse- og omsorgsdepartementet, eller frå Kunnskapsdepartementet, skal ikkje subsidiera slike tenester. Det seier tidlegare avdelingsdirektør og noverande spesialrådgjevar Kjell Røynesdal i Helse- og omsorgsdepartementet til Uniforum. – På Universitetet i Bergen  har dei overlate all denne aktiviteten til det fylkeskommunale tannhelsesenteret i Bergen, understrekar han.

Etter departementet si oppfatning må Det odontologiske fakultetet skilja dei odontologiske spesialisthelsetenestene som blir tilbydde i ein marknad frå tenestene som inngår som ein del av utdanningane ved fakultetet. I samsvar med EØS-regelverket er dette spesialisttenestetilbodet, etter departementet si vurdering, å rekna som ein økonomisk aktivitet. Då skal det stillast krav til skilde rekneskapar for å unngå kryss-subsidiering mellom dei to ulike tenestene, går det fram av brevet frå Helse- og omsorgsdepartementet.

 – Vil vera i konkurranse med private

Kjell Røynesdal peikar overfor Uniforum  på kva dette vil seia i praksis.

– Den aktiviteten som er i konkurranse i ein marknad, må derfor ha ein rekneskap som klart viser kostnadene med lokale, materiale og utstyr. Eg forstår at dei vil forklara dette som ein såkalla «rikshospitalfunksjon», men samtidig arbeider 85 prosent av tannlegespesialistane i den private marknaden. Dermed vil desse odontologiske spesialisthelsetenestene vera i konkurranse med private tilbydarar på heile Austlandet. Dei vil også kunna vera eigna til å påverka samhandelen mellom EØS-landa, som er eit sentralt punkt i EØS-rettsleg forstand etter statsstøtteforbodet i EØS-avtalen sin artikkel 61, meiner Kjell Røynesdal.

Odontologidekan Pål Barkvoll tar beskjeden frå Kjell Røynesdal om at dei må gjera heimeleksa si, til orientering:

– Me arbeider med saka og vil svara på dette så fort som mogleg, svarar han i ein epost til Uniforum.

Etter å ha fått det første brevet frå Helse- og omsorgsdepartementet, fekk Helsedirektoratet oppgåva med å bringa bodskapen vidare til Det odontologiske fakultetet i eit nytt brev. Der gjer Helsedirektoratet det heilt klart at odontologi må levera utvetydige, separate rekneskapar for dei to aktivitetane, med merkelappane spesialistutdanning av tannlegar og spesialisttenester som blir tilbydde i ein marknad. Det er føresetnaden for Helse- og omsorgsdepartementets vidare finansiering av spesialistutdanninga av tannlegar gjennom Helsedirektoratets tilskotsordning over statsbudsjettet, går det fram av brevet.

Meiner EØS gir unntak for slik utdanning og forsking

Med kniven på strupen kjem det eit svar frå Det odontologiske fakultetet ni dagar seinare. Der viser fakultetet til at i EØS-regelverket er utdanning og verksemd som kan definerast som forsking og utvikling, unnateke frå forbodet mot subsidiering. Det blir også vist til at den praktiske treninga i spesialistutdanninga går føre seg med rettleiar, som er spesialist, noko som fører til doble kostnader. I svarbrevet går det også fram at spesialistane ofte har dobbeltkompetanse, og er tilsette både som lærarar og forskarar. Og det er berre ved utdanning av kirurgar at det er læraren (spesialisten) som utfører inngrepet, medan spesialistkandidaten ser på. I alle andre spesialistutdanningar er det kandidaten som utfører medan spesialisten står ved sida av og rettleier. I feriar driv også odontologi med behandling av pasientar frå heile landet. Dei grunngjev denne «rikshospitalfunksjonen» med paragraf 7 i helsepersonellova, som understrekar at alle skal ha tilgang på naudsynt helsehjelp.

Fylgjer offentlege takstar

 Fakultetet understrekar også at all behandling som blir utført av lærarar (spesialistar) og spesialistkandidatar, fylgjer offentlege takstar for tannhelsetenester. Ei teneste som blir utført av ein student på grunnutdanninga, med rettleiar, blir tilbydd til reduserte prisar. Formålet med å ha pasientar er å ha «råmateriale» til undervisninga og forskinga, går det fram av brevet. Det blir også trekt fram at Helsedirektoratet har vore på besøk og fått ein presentasjon av kostnadsmodellen for spesialistutdanninga ved UiO. Det er ein felles nasjonal modell som gjer alle kostnader i dei ulike prosjekta og aktivitetane i Universitets- og høgskulesektoren (TDI-modellen) synlege.

– Alt går inn i kvarandre

Dekan Pål Barkvoll stiller seg uforståande til kravet frå Helse- og omsorgsdepartementet.

– Grunnutdanninga av tannlegar er finansiert av Kunnskapsdepartementet. Men spesialistutdanninga er finansiert av Helse- og omsorgsdepartementet. Det er truleg mogleg å rekna ut kor stor del av verksemda vår som er finansiert på den eine eller den andre måten. Men faktum er at alt går inn i kvarandre, seier Barkvoll.

– Derfor arbeider spesialistar, tannlegar og studentar saman. Slik er det, og slik vil me at det skal vera. På den måten kan me tilby studentane ei god og forskingsbasert utdanning, der lærarane og forskarane har djuptgåande kunnskap om det som går føre seg på området, slår Barkvoll fast.

– Ingen vil vera tent med ei ordning med meir byråkratisering av verksemda til Det odontologiske fakultetet, legg han til.

I dag tar 54 studentar spesialistutdanning ved Det odontologiske fakultetet. Kirurgi tar fem år, og vil gi 300 studiepoeng. I tillegg har dei 3 andre spesialistutdanningar som gir 180 studiepoeng kvar.

– Dette er gode og høge tal for odontologi, synest dekan Pål Barkvoll.

Førebels er det ikkje kome noka løysing i usemja mellom Det odontologiske fakultetet og Helse- og omsorgsdepartementet om tolkinga av EØS- regelverket sitt punkt om ulovleg statsstøtte.

Vis passord Passord er feil

Mistet ditt passord?

Vis passord Passord er feil

Mistet passordet ditt?

Skriv inn e-postadressen din.
Du vil motta en link for å generere et nytt passord.

E-post er feil

Tilbake til Logg inn